Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Grethe Hopland Ravn. Foto: Rina Aspmo
Grethe Hopland Ravn.

På tampen

Donald Duck, ein oskefis og Costa del Pøsregn

Min utflytta litlebror var heimom på foreldre-visitas i førre veke, og er det ein ting som er sikkert når det gjeld oskefisen, så er det at han aldri blir for gammal for å lesa teikneseriar sjølv om han har passert 40 år for lenge sidan. Aller helst les han om livet i Andeby, og trur du ikkje han svinga innom bruktbua og kom heim med 20 godt brukte eksemplar Donald Duck? Å joda!

Det var ikkje fritt for at eg måtte bla litt sjølv også, og du verda kor mange tilbakeblikk som velta over meg. Plutseleg kunne eg nesten hugsa lukta av heilt nytt Donald-blad, kjøpt for litt av vekepengane mine kvar tysdag. Det var ei pine å spara litt av pengane kvar laurdag for det var så mykje eg hadde lyst på, men når tysdagen kom var eg sjeleglad for at eg ikkje hadde lete meg freista av meir laurdagssnop. Fem kroner og førti øre var prislappen på teikneserien den gong. Det var verd kvart eit øre, og som alltid var bladet proppfullt av ironisk humor på sitt beste. At vaksne personar kan liggja på sofaen å le så tårene sprett av alle sprella i Andeby, er bror min eit vaskeekte eksempel på.

Sjølv kan eg hugsa eg lo godt då Donald Duck og co skulle på sommarferie til den populære destinasjonen Costa del Pøsregn. Både Donald, Dolly og Ole, Dole og Doffen var utstyrt med badering og oppblåste gummiender, og det mest ironiske av alt var at då Donald kasta matrosjakka si – tok han på seg badebukse (!) Og ikkje nok med det! Då han hoppa frå stupebrettet, og badebuksa forsvann som følgje av trippel salto og eit svalestup i bassenget, sneik Donald seg på land, og gjekk sidelengs langs husveggen, med armane i kross framfor skrittet. At han til kvardags går med matrosjakke og rompa bar», var ikkje nødvendigvis noko eg kom på i farten, då eg las Donald som barn.

Powered by Labrador CMS