Haugaland og Sunnhordland tingrett ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Haugaland og Sunnhordland tingrett

Dømt for høg fart, køyring utan førarkort og falskt namn

Ein svensk mann i 40-åra er dømt etter å ha køyrt 107 km/t i ei 80-sone. Mannen hadde ikkje gyldig førarkort og oppgav uriktig namn til politiet. No må han betala ei bot på 24.000 kroner og er frådømt førarretten i Noreg i fem månader.

Publisert Sist oppdatert

Haugaland og Sunnhordland tingrett har dømt ein svensk mann i 40-åra for fleire brot på vegtrafikklova og straffelova etter ein fartskontroll på E134 i Vindafjord. Ei natt i juli 2024 blei mannen målt til å køyra i 107 km/t i ei 80-sone. Politiet stoppa bilen, og det viste seg at han verken hadde gyldig førarkort eller oppgav rett identitet til tenestemennene.

Hadde vore på jobb

I retten forklarte mannen at han vore på jobb, og køyrde fort for grunna ein situasjon knytt til jobben hans. Han hevda også at han trudde førarkortet hans var gyldig, då han tolka ei feilføring i eit tidlegare forelegg som eit bevis på at tapsperioden var over. Retten meinte derimot at han burde ha forstått at han framleis var frårøva førarretten.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS