Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Den mørke tida av året er definitivt over oss igjen i Noreg. Klokka 3 natt til sundag skal klokka stillast éin time bakover. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Den mørke tida av året er definitivt over oss igjen i Noreg. Klokka 3 natt til sundag skal klokka stillast éin time bakover.

Difor skal du stille klokka natt til sundag

Publisert Sist oppdatert
Det går mot mørkare og kaldare tider. Når vi stiller klokka tilbake igjen, blir det lysare om morgonen og raskare mørkt på ettermiddagen enn ved sommartid.

Men vi har ikkje alltid stilt klokka, og ordninga med sommartid og normaltid kan bli avvikla innan få år. EU-kommisjonen gjekk i 2019 inn for eit forslag om å avvikle sommartid, men Rådet har ikkje vedteke forslaget som EU-kommisjonen har lagt fram. Dermed er det førebels ikkje klart om ein vil jobbe vidare med forslaget i EU.

Men skulle det bli vedteke, er det opp til kvart enkelt land å bestemme om landet skal bruke sommartid eller vintertid som normaltid. Det kan føre til auka tidsforskjellar i Europa.

I dag bruker over 70 land sommartid, det vil seie mindre enn 40 prosent av landa i verda. Blant nabolanda våre gjeld dette Sverige, Finland og Danmark, medan Island og Russland ikkje har sommartid.

Innført og avvikla ei rekkje gonger

Dei siste 100 åra har sommartid, som ein kallar tidsforskyvinga, vore innført og avvikla ei rekkje gonger i Noreg.

Sommartid vart første gong innført i Noreg i 1916. Ordninga vart vidare gjenoppteken frå 1940 til 1945 og frå 1959 til 1965, og ho vart innført på nytt i 1980.

Datoane for innføring av sommartid vart òg endra i 1996, slik at den norske klokka skulle stillast samtidig som i andre europeiske land.

Ordninga har vore omstridd. Grunngivinga for å stille klokka om våren var opphavleg å få lengre og lysare kveldar om sommaren, i tillegg til å spare energi. Nokre land innførte sommartid under første verdskrigen for å spare kol, men nyare studiar viser at ein i dag sparer svært lite straum på å ha sommartid.

Ei anna hensikt er å utnytte dagslyset betre i perioden av døgnet ein normalt er vaken.

Fleire vil kutte ut sommartid

Eit argument mot å stille klokka er mellom anna at dyra har innebygde klokker, og at bøndene derfor må bruke tid på overgangen. Bondelaget er blant dei som meiner den beste løysinga hadde vore å kutte ut sommartida.

Eit anna argument er at fleire undersøkingar har vist at å kutte ein times søvn om våren når vi går inn i sommartid, kan ha uheldige effektar på helsa.

I 2018 arrangerte NRK ei uhøgtideleg digital spørjeundersøking om sommartid. I undersøkinga, som fekk over 50.000 svar, svarte ni av ti at dei vil ha normaltid heile året eller ha sommartid som normaltid.

(NPK)

Powered by Labrador CMS