Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Gustav Løge Fosse (KrF) under kommunestyremøtet der Vindafjord-budsjettet for 2025 blei vedtatt. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Gustav Løge Fosse (KrF) under kommunestyremøtet der Vindafjord-budsjettet for 2025 blei vedtatt.

Politikarpraten

— Det viktigaste blir å sjå på korleis me kan rigge omsorgstenestene for framtida

Publisert Sist oppdatert

Kva lokalpolitiske sak blir den viktigaste for deg i 2025?
— Det må vel bli å sjå på korleis me kan rigge omsorgstenestene for framtida. I den samanhengen blir det viktig å få på plass bustadformer der ein også kan vera ein del av eit fellesskap. Godt samarbeid med mellom anna dei friske pensjonistane, ideelle lag og organisasjonar blir avgjerande for å bidra til eit godt liv i Vindafjord.

Kva var den viktigaste saka for deg i 2024?
— Å sikre heilskapen i mitt politiske ansvar og bidra til ein berekraftig økonomi. Elles er eg svært lei meg for utvidinga av abortlova.

Kven av dine politiske motstandarar likar du best å debattere med, og kvifor?
— Eg kjem ikkje på nokon spesielt, men generelt sett er det godt å debattere med dei som er tydelege og som viser forståing for at det finst fleire synsvinklar. Slike personar viser også respekt for andre sine standpunkt.

Kven av kommunestyrerepresentantane har du lyst til å framsnakka/framheva?
— Det trur eg må bli min kollega i SP, Jan Idar. Han har eg fått stor respekt for. Jan Idar er ein mann med stor kunnskap og innsikt i mange saker og er ein person med gode verdiar.

Kven vinn stortingsvalet til hausten, og kvifor?
— Eg trur det blir regjeringsskifte, og eg håpar KrF gjer eit godt val slik at me kan vera med og dra politikken mot sentrum.

Powered by Labrador CMS