Helseminister Bent Høie (H). Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
Helseminister Bent Høie (H).

Det kjem ikkje nasjonale rettleiarar for brakkeriggar

NPK: Helseministeren vil ikkje lage nasjonale rettleiarar for smittevern for arbeidarar som bur i brakkeriggar knytt til arbeidsplassen sin. Mange verksemder er avhengig av utanlandsk arbeidskraft og det har vore fleire smitteutbrot av korona blant desse den siste tida.

Stortingspolitikar Ingrid Heggø (Ap) meiner det er gjort lite for å førebu næringslivet godt nok på korleis ein skal følgje smittevernreglar ved brakkeriggar i verksemder som har utanlandske arbeidarar som pendlar til og frå heimlandet sitt i friperiodar. Arbeidarane bur gjerne tett og deler kantine sjølv om dei er i karantene. Heggø har derfor spurd helseminister Bent Høie om han vil ta initiativ til å lage nasjonale rettleiarar for arbeidarar i brakkeriggar.

– Eg meiner at meir rettleiing frå styresmaktene ikkje vil løyse utfordringa knytt til at verksemder ikkje kan tilby dei tilkomne arbeidarane lokale som er ein eigna stad» for karantene og heller ikkje har avtalar om alternativ innkvartering i karantenetida eller ved lokale utbrot for utanlandske arbeidarar som må i karantene, skriv helseminister Bent Høie i svaret sitt.

Statsråden skriv vidare at Helsedirektoratet på oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet har sett i gang eit samarbeid med Standard Norge om utarbeiding av bransjestandardar for smittevern. Gjennom slike standardar, kan bransjane sjølv utvikle råd og rettleiing i forhold til dei utfordringar bransjane oppdagar knytt til etablering av godt smittevern.

Standardane skal byggje på gjeldande regelverk og generelle råd og anbefalingar frå styresmaktene om smittevern og hygiene.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS