Ågot Aakra har jobba heimanfrå det meste av startfasen sin i FHI.
Foto: Eivind Aakra Indahl
Debatt
— Det gler meg når folk lukkast
Ågot Aakra er klar for å vere med på å byggja opp Folkehelseinstituttet (FHI) si satsing som gjeld klimaendringar og helse. Alt som ung såg FHI sin nye prosjektdirektør for seg eit langt utdanningsløp.
— Eg er typen som liker å læra, er betre skriftleg enn munnleg, og hadde tidleg klare tankar om at eg skulle ta høgare utdanning, fortel etnebuen.
Ho var innom tanken på å studera alt frå idéhistorie, økonomi, og fysikk, til bioteknologi,- som ho enda opp med.
I juni starta Aakra i FHI der det så langt stort sett har blitt heimekontor. Etnebuen meiner satsinga som ho er tilsett for å leia, er eit godt døme på at FHI også ser framover til tida etter koronapandemien. I ikkje-pandemiske tider tar Aakra, på det jamne, fire-fem turar i året heim til Etne.