Arild Stenberg
Foto: Grethe Hopland Ravn
Politikarpraten
— Det er godt at det er klagerett
— Kva lokalpolitisk sak blir den viktigaste for deg i 2025?— Folketalsutviklinga er den viktigaste saka for oss i Etne i åra framover, men det er på lengre sikt. Den viktigaste saka i 2025 blir nok Tomteseskapet Etne, som me må gjera noko med, etter at det har gått i minus dei siste åra.
— Kva var den viktigaste saka for deg i 2024?
— Ei sak me hadde oppe i Hovudutvalet, der utvalet i tankeløyse gjorde eit uklokt vedtak om å nekte ein dyktig gardbrukar å byggja ein høgst nyttig og formålstenleg veg til fjells. Etter ei klårgjerande synfaring blei vedtaket gjort om. Det er godt at det er klagerett.