Illustrasjonsfoto
Den omkomne var av utanlandsk opphav
Sjåføren som fredag kveld kolliderte kraftig med terrenget i Nedre Vats, var i følgje Haugesunds avis av utanlandsk opphav. Det fekk avisa stadfesta då dei snakka med nattevakt Roger Litlatun, natt til laurdag. Det blir også opplyst frå Vegtrafikksentralen Vest at ulykka skjedde på Fylkesveg 4742 Tørsdalsvegen, og ikkje i Stokkastrandvegen som det først blei opplyst frå politiet.