Bildet av Sauherad Haukevik gard i Telemark er henta frå tradisjonsarkivet SAMLA.
Foto: Hilmar Stigum Norsk Folkemuseum
Den nye folkeminnedatabasen Samla.no har fått lanseringsdato
– Vi er utruleg stolte over SAMLA og korleis viktige kjelder til Noregs mangfaldige kulturhistorie har vorte tilgjengelege og søkbare, seier Kyrre Kverndokk, folklorist og professor ved Universitetet i Bergen.
Saman med Hans-Jakob Ågotnes har han leidd arbeidet med å utvikle Samla. Det nye arkivet er basert på samlingar frå Noregs tre største tradisjonsarkiv Norsk Folkeminnesamling, Norsk etnologisk gransking
og Etno-folkloristisk arkiv.
Eit inspirasjonsunivers for forskarar, forfattarar og musikarar
Samla har rundt 350.000 manuskriptsider og rundt ein million oppteikningar av folkeminne. Det gjer nettsida
til eit av dei største digitale tradisjonsarkiva i verda.