Dei fleste eldre som ber om det, får godkjent helseattest i samband med førarkort.
Illustrasjonsfoto: NTB / NPK
Dei fleste eldre bilførarar får godkjent helseattest
Dei fleste eldre bilførarar som søkjer, får godkjent helseattest. Dei som ikkje lenger er skikka til å køyre blir som regel fanga opp gjennom ordinære konsultasjonar og undersøkingar hos fastlegen, skriv Transportøkonomisk institutt (TØI) på sine nettsider.
Ei undersøking viser òg at mange sjølve sluttar å køyre bil. Det kan forklare kvifor relativt få førarar over 80 år blir avvist når dei søkjer om helseattest frå fastlegen for å behalde førarkortet.