Damene slo seg laus
Stemninga var veldig god og damer i alle aldrar hadde ein triveleg kveld på bygdahuset.
Då Margrete Skogen vart tipsa om festen var ho ikkje vanskeleg å be. 92-åringen stilte på kort varsel og koste seg saman med mange andre damer frå bygda. Trivsel, sosialt samvær, mote, redesign og ikkje minst god mat og drikke, var viktige ingrediensar då Imsland bygdekvinnelag inviterte til Damefest første fredagen i februar.
For mellom 18 og 113 år
Årets fest var den femte i rekkja, og populariteten er fortsatt høg. Dette året har Bygdekvinnelaget basert seg på plakatar, forskjellige nettstadar og prat mellom bygdefolk for å spre informasjon om festen. Marita Staurland fortel at ei laus utrekning tilseier at over halvparten av damene som bur i bygda fann vegen til bygdahuset denne kvelden.