Då gauken gol saman med dei andre lause fuglane

okko», eller som nokon seier ho-hoo,ho–hoo». Der dei sitt i trea og gjer seg til […]

Publisert Sist oppdatert

okko», eller som nokon seier ho-hoo,ho–hoo». Der dei sitt i trea og gjer seg til kjenne rundt om.
Sume lyder høyrer me han nær og andre lyder langt vekk . Gjennom åra har gauken fått skulda for mykje.
Samanligningane kan bli slik at ein må dra på smilebandet stundom. Gauken legg egg i andres reir, og brukar andre til å ruge, og klekke egga sine ut , og ikkje minst, la andre fora opp ungane . Gjennom åra har eg sett mange gaukar» som ikkje har tatt den lange turen fra tropiske Afrika, men har heller overvintra i Noreg . Sjølv om dei ikkje gjel heilt likt , har dei mykje felles med dei som dreg. Ein kan og spørja om det er gauken» som er våre forfedre . Det kan faktisk sjå slik ut.
Namnet gauk eller gauken, er det fleire som har fått. Sjå berre på dei som var på desse lokalbåtane, før det var pol i Bergen og Stavanger. Det var fleire gaukar då. Det var tider det, då båten svinga og viste akterenden til kaien , og Gauken» stod til rors.
Dei seier det er mang ein reirplyndrar, ikkje berre gauken , når han skal gjera plass til sine eigne egg.
Det er og dei som for med heile reiret. Det var ein som sa at beveren eller oteren stal mykje egg. Reven for både med reiret og høna.
Gjest Baardsen var ikkje berre ein stor tjuv. Som nokon sa , han hjelpte dei fattige ,og andre, på ein fin måte . Somme er så glad i denne Gauken» at dei har fått han i klokke der han kjem ut or holet og gjer seg til kjenne med sin lyd . Regjeringa la fram lovforslag om forbod mot kjøp av seksuelle tjenester i Norge , og for norske statsborgarar også i utlandet.
Det står at dette skal gjelde for personar over 18 år. Lurer på om dette vil ramme Gauken mens han er i utlandet eller på sine reiser, og ikkje minst når han er i dette tropiske Afrika .
Lurer på kva neste gaukeforslag lyder.

Ove Wiland
Skånevik

Powered by Labrador CMS