Åsmund Ohm Børretzen har takka for seg i Vindafjord kommune, og starta i ny jobb i Haugaland Kraft.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
10 Kjappe
Bytta beite
Åsmund Ohm Børretzen har takka for seg i Vindafjord kommune, og no gler han seg til nye oppgåver i Haugaland Kraft. Framsnakking er noko av det som gler 45-åringen aller mest, og fritida brukar han mellom anna på litt trening og på familien sin.
Etter 4,5 år takkar Åsmund Ohm Børretzen for seg som leiar for det han omtalar som ein gjeng med flotte og flinke folk for service- og fellestenester på rådhuset i Vindafjord kommune. No er det nye oppgåver som ventar som seksjonsleiar for kundesenteret i Haugaland Kraft. Her ser han fram til å læra mykje nytt i ein heilt ny bransje, og han ser mest fram til å kunna bidra til at Haugaland Kraft framleis skal vera ein viktig regional bidragsytar på mange felt.
— Kva er di sterkaste side?
— Eg er eit ja-menneske med stor kapasitet.