Lasse Grindheim dagleg leiar og medeigar i Shell Etne.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Byter namn etter 90 år med Shell
90 år med Shell i Etne blir snart historie. I løpet av 2025 skal namnet endrast til ST1. — Eg synest det er litt dumt med namneendringa, me håpar at folk vil bruka oss vidare, seier Lasse Grindheim som er dagleg leiar og medeigar i Shell Etne.
Dei fleste blant det norske folket kjenner godt til Shell-namnet. Mange har stoppa innom Shell for å fylla drivstoff, låna seg toalett og ha seg ei Shell-pølsa. I Etne har ein av eigarane sjølv, Geir Grindheim, stått klar kvar morgon med kaffi til kaffitørste morgonfuglar.
Nå skal namnet endrast til ST1 innan starten av 2026.
— Kundane vil ikkje merka noko meir til dette enn at det blir endring av logo, seier Lillian Aasheim, som er kommunikasjonssjef i ST1.