Prosjektleiar for Etnemarknaden Yvonne Sandgren og prosjektleiar for Grannekamp Vidar Lund, presenterer i desse dagar eit nytt konsept under komande Etnemarknad, Grannekamp 2014». Ei talentkonkurranse mellom seks nærliggande kommunar. Foto: Arnhild Aaen
Prosjektleiar for Etnemarknaden Yvonne Sandgren og prosjektleiar for Grannekamp Vidar Lund, presenterer i desse dagar eit nytt konsept under komande Etnemarknad, Grannekamp 2014». Ei talentkonkurranse mellom seks nærliggande kommunar.

Byr på grannekamp

Etnemarknaden jaktar talent.

Publisert Sist oppdatert

Av Arnhild Aaen

Etnemarknaden følgjer opp fjorårssuksessen Det store korslaget Innante» med Grannekamp 2014». Songarar og vokalgrupper frå seks kommunar blir inviterte til å vere med.

— Vi tek mål av oss til å bli ein av regionens viktigaste arenaer for framsyning av lokale talent og artistar, seier prosjektleiar for Etnemarknaden, Yvonne Sandgren og prosjektleiar for Grannekamp 2014», Vidar Lund.

Folk liker å sjå lokale aktørar i aksjon

Folk liker å sjå lokale aktørar i aksjon

Gjennom årets talentkonkurranse inviterer dei songarar og vokalgrupper frå kommunane Vindafjord, Sauda, Suldal, Odda, Tysvær og Etne til å vere med.

Dei fortel at dei ønskjer å bygge vidare på suksessen frå i fjor, då Det store korslaget Innante» fekk marknadspublikum til å koke av begeistring.

Både Sandgren og Lund legg ikkje skul på at slike program er in i tida, ikkje minst inspirerte av mange forskjellige tv-program.

— Folk liker å sjå lokale aktørar i aksjon, seier dei.

Grannekamp

Grannekamp 2014» vil bli ei talentkonkurranse mellom kommunane Vindafjord, Sauda, Suldal, Odda, Tysvær og Etne der songarar og vokalgrupper i alderen 15-30 år skal delta.

— Deltakarane vil få med seg eit proft band i ryggen, opplyser Vidar Lund.

Grannekamp vil ha ein juryformann og kontaktperson i kvar kommune. Ein lokal jury vel så ut inntil fem innslag frå kommunen som det så skal røystast på via nettsidene til Etnemarknaden. Vinnar i kvar kommune her går vidare til finalen under Etnemarknaden.

For å kunne delta for sin kommune må ein vere født i kommunen, eller ha hatt fast bustadadresse der i minimum fem år. Deltakarane kan berre opptre på eiga hand som soloartist, ikkje med eige band, eller som vokalgruppe med maks fem deltakarar. Kvar deltakar deltar med to innslag i finalen. Vinnaren vil i premie få innspeling av ein singel i ABC Studio i Etne.

Vidar Lund som under årets Etnemarknad er med som prosjektleiar for talentkonkurransen, har stor tru på det nye konseptet.

— Grannekamp vil skape lokal tilhøyring. Underhaldning der ein kjenner nokon, er populært blant publikum, og det er stas å vinne ein slik sak, seier han.

Årleg

For Yvonne Sandgren er dette første året som prosjektleiar for Etnemarknaden, men ho merkar at dette årlege arrangementet har eit godt ry, og at folk vil vere med.

— Etnemarknaden er godt kjend og attraktiv, og eg håpar dette også vil gjelde Grannekamp 2014». Sjølv om Det store korslaget Innante» var svært vellukka, vil vi prøve å gjere arrangementet i år endå betre. Men eg ser ikkje bort frå at eit nytt Korslag kan kome om nokre år, seier Yvonne Sandgren.

Powered by Labrador CMS