Ivar Ødegård (Vindafjordlista) ville ha svar om fase 1. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Ivar Ødegård (Vindafjordlista) ville ha svar om fase 1.

Energi

— Bygda står stille

Publisert Sist oppdatert

— Det føreligg konkrete planar og initiativ i Vikebygd, som no er sette på vent sidan ein ikkje veit kva som blir utfallet av fase 1, og det opplevast som urettferdig at dette no ligg i hendene på Westcon, på ubestemt tid, utan at det er sett krav frå Vindafjord kommune, sa Ivar Ødegård i eit formannskapsmøte tysdag.

Dommersnes AS, marknadsført som Windafjord Port, blei oppretta i 2023 for å utvikla Dommersnes industriområde i Vikebygd, med sikte på serieproduksjon til havvindnæringa. Vindafjord kommune og Westcon Yards eig kvar sin halvdel. Fase 1 er første steg i planane om utvikling av industriområdet og omfattar tidlegare nytta område. Fase 2 vil ta i bruk meir areal, medan fase 3 kan omfatta alle dei over 500 måla som er regulerte til industri og krevja ei omlegging av Vikevegen.

Trass i byggjeløyve vedtok styret i Windafjord Port i november 2024 å utsetja fase 1. Ifølgje selskapsavtalen skal Westcon gjennomføra arbeidet i denne fasen, mot at den kommunale eigedomen der blir overført til Windafjord Port. Sidan dette enno ikkje er gjort, eig Vindafjord kommune framleis tomta. Ein reguleringsplan for heile området, med tanke på fase 2 og 3, er ute på høyring.

Fakta / Dommersnes

• Dommersnes AS, marknadsført som Windafjord Port, blei oppretta i 2023 for å utvikla Dommersnes industriområde i Vikebygd, med sikte på serieproduksjon til havvindnæringa. Vindafjord kommune og Westcon Yards eig kvar sin halvdel.

• Fase 1 er første steg i planane om utvikling av industriområdet og omfattar tidlegare nytta område. Fase 2 vil ta i bruk meir areal, medan fase 3 kan omfatta alle dei over 500 måla som er regulerte til industri og krevja ei omlegging av Vikevegen.

Tverrpolitisk semje

4. mars var det førre av fleire folkemøte om planane i Vikebygd. Vikebuen Ødegård fortalde at det i etterkant av møtet kom fram at det bekymrar innbyggjarane i Vikebygd at det ikkje er nokon konkret oppstartsdato for fase 1, uavhengig av standpunkt til reguleringsplanen.

— Ein opplever at Vikebygd står stille, og at uvissa gir negative konsekvensar for utviklinga av bygda, sa Ødegård.

Han viste til at det er gitt klart uttrykk under fleire folkemøte, og i politiske diskusjonar, at fase 1 uansett skal gjennomførast, og at dette vil bli eit viktig løft for området, uavhengig av vidare utvikling.

Opplevinga til Ødegård er at det har vore ei tverrpolitisk semje om at denne fasen kan vera eit viktig og riktig løft for industriområdet, uavhengig av kva ein måtte meina om vegen vidare. Han har òg inntrykk av at mange i Vikebygd har bore positive forventningar til løftet fase 1 kan gi, og moglegheitene som då ligg for den delen av industri- og kaiområdet.

Ingen frist

Ødegård meiner det er beklageleg at det no rår usikkerheit rundt fase 1, og at området er bunde opp til éin enkeltaktør på ubestemt tid. Han bad derfor ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) svara på fleire spørsmål for å klargjera situasjonen.

For å svare på spørsmåla heldt kommunalsjef Halfdan Krohn Brekke for samfunnsutvikling ein lengre presentasjon. Han fortalde at det ikkje føreligg ein konkret oppstartsdato for fase 1.

— Selskapet arbeider for å finne moglege medinvestorar for å realisera utbygginga, sa Krohn Brekke.

Han understreka at fase 1 ikkje er avhengig av havvindutbygginga og kan gjennomførast uavhengig av dette. Ifølgje selskapsavtalen skal Westcon sine aksjar i Windafjord Port overførast til kommunen til pålydande verdi dersom dei ikkje gjennomfører planeringa. Det er ikkje sett nokon frist for gjennomføringa. Krohn Brekke fortalde at kommunedirektør Yngve Folven Bergesen og Vierdal er i dialog med Windafjord Port og Westcon for å finne gode løysingar framover.

— Per no ser ein ikkje at det er grunnlag for kommunen til å ta initiativ til å reforhandla gjeldande selskapsavtale, sa Krohn Brekke.

Utålmodig

Krohn Brekke slo fast at Vindafjord kommune ikkje ønska utsetjinga av fase 1, men at dei forstår kvifor avgjerda blei teken. Bakgrunnen er utsetjing av Utsira Nord, uklare rammevilkår for flytande havvind i Nordsjøen og aukande utbyggingskostnadar, ifølgje ei pressemelding frå selskapet i november.

Vierdal sa at det ikkje skal rå noko tvil om at han og kommunen er utålmodige med å koma i gang. Han besøkte eit departement for ein månad sidan, der ein statssekretær var tydeleg på at det er ein fordel å koma i gang med fase 1. Så sjølv om han skulle ønskt seg ein oppstartsdato, trur han ikkje det er lurt å starte reforhandlingar av selskapsavtalen no.

Powered by Labrador CMS