Illustrasjonsfoto
Illustrasjonsfoto

Brøytebil og personbil kolliderte

Tysdag morgon fekk politiet melding om ei trafikkulykke mellom brøytebil og personbil på E134 i Etne. Naudetatane rykka ut.

Publisert Sist oppdatert

Dette melder Politiet i Sør-Vest på Twitter. Klokka 09.46 melder dei at politiet har komme til staden, og at føraren av personbilen verkar lettare skada. Det er store materielle skadar på personbilen og bilbergar er bestilt. Trafikken står stille i begge retningar.

Brannvesenet lokaliserer ulykka til i nærleik av Norheim i Stordalen. Mannskap frå brannstasjonen i Etne rykker ut.

10.06 melder politiet at føraren av personbilen blir frakta i ambulanse for vidare undersøking. Politipatrulje blir på staden og gjer avhør av vitne og undersøkingar på staden. Trafikken blir dirigert forbi staden i påvente av bilbergar.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS