Bransje som viser igjen
Entreprenørbransjen er ein av dei viktigaste arbeidsplassane i Etne, men betydeleg også i Vindafjord.
På byggeplassen til nye Gjerde kjøpesenter i Etne er Tveit Maskin ein viktig aktør. I torsdagens utgåve av Grannar set me søkelys på det lokale arbeidsslivet gjennom ei rekkje temasider om industri og næring. I tillegg til intervju med maskinentrerenøren frå Bjoa, er det reportasje om ein dyktig trearbeidar i Skjold, om drosjenæringa i Vindafjord og det å køyra taxi i utkanten, og om vaktselskapet i Etne som har heile landet som marknad.
På temasidene finn du også eit intervju med Elisabeth Lie Nilsen, leiar i NAV Marked Nord-Rogaland som seier litt om utsiktene, blant anna at det ikkje står så aller verst til i arbeidsmarknaden i den indre regionen.