Westcon Yards brukar radioar til intern-kommunikasjon, men er to gonger tatt for bruk av frekvensar dei ikkje hadde lov til å bruke.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Bøtlagt for ulovleg radiobruk
Det er Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) som har ilagt Westcon Yards gebyr for brot på ekomlova. Dette etter at Nkom under to kontrollar, første gongen i 2019 og andre gong 25. februar 2020, avdekte ulovleg frekvensbruk under radiokommunikasjon ved verftet.
Nkom legger i sitt vedtak til grunn at Westcon har legitimt behov for å bruke radiosamband for å kommunisere, og at bruk av frekvensar er ein naudsynt innsatsfaktor, men at frekvensar i det elektromagnetiske frekvensspekteret ikkje kan takast i bruk utan løyve frå myndigheita. Dette vart Westcon var tydeleg orientert om dette etter den første kontrollen, kor Nkom gjorde vedtak om at den ulovlege frekvensbruken måtte opphøyra. Den gongen vart ikkje verksemda ilagt gebyr. Men då Westcon i fjor vinter var tatt for same forhold andre gong var ikkje Nkom lenger i tvil om at det måtte reagerast.
— Alvorleg