Denne veka blir det meste av tilskota til matproduksjon utbetalt. Summen har auka med milliardbeløp og snittet er på ein halv million per bonde. Foto: Terje Bendiksby / NTB/ NPK
Denne veka blir det meste av tilskota til matproduksjon utbetalt. Summen har auka med milliardbeløp og snittet er på ein halv million per bonde.

Bøndene får milliardbeløp denne veka

Onsdag 12. februar skal etter planen storparten av tilskota som går til matproduksjon her i landet betalast ut. Summen har auka med milliardbeløp og snittet er på ein halv million per bonde.

Publisert Sist oppdatert

Det stadfestar Landbruksdirektoratet overfor avisa Nationen.

I februar i fjor var summen som blei betalt ut på rundt 17 milliardar kroner basert på produksjonen i 2023.

Det var ein auke på over 6,6 milliardar kroner, rundt 64 prosent, på tre år.

Summen som blir utbetalt i år er førebels ikkje kjent, men det er venta at han vil auke med eit milliardbeløp.

I jordbruksoppgjeret i fjor blei det avtalt å auke tilskota til gjennomføring av jordbruksavtalen med litt over 2,2 milliardar kroner.

Støttebeløpet som av Norsk institutt for bioøkonomi blir definert som sum direkte tilskot» auka frå 316.000 kroner i 2021 til 528.000 kroner i snitt per jordbruksbedrift i 2024.

(NPK)

Powered by Labrador CMS