Vi importerer tonnevis med poteter frå utlandet sjølv om vi dyrkar mykje her i landet også. Illustrasjonsfoto: Kari Hamre / NPK
Vi importerer tonnevis med poteter frå utlandet sjølv om vi dyrkar mykje her i landet også.

Bondelaget: – Potetimporten øydeleggjande for norske potetbønder

Sjølv om mange bønder i Noreg produserer poteter, importerer vi store mengder av desse knollane. I 2020 importerte vi nesten 60.000 tonn poteter, viser tal frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Publisert Sist oppdatert

Norges Bondelag meiner potetimporten øydelegg for norske bønder.

– Det er tragisk at vi kjøper varer frå utanlandske aktørar som vi sjølv kan produsere. Spesielt når vi veit at det er for lite varer i verda. Det betyr tapt verdiskaping, færre arbeidsplassar og vi flyttar verdiane ut av landet, seier første nestleiar i Norges Bondelag, Egil Christopher Hoen, til NRK.

Kvar tredje potet blir ikkje seld for å etast, fordi ho ikkje er fin nok. Ho endar dermed heller opp som potetmjøl eller potetsprit, viss ikkje ho blir kasta, skriv NRK.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS