Jan Henrik Heggebø blir ansvarleg redaktør i Bygdebladet som kjem ut i Randaberg.Pressefoto
Jan Henrik Heggebø blir ansvarleg redaktør i Bygdebladet som kjem ut i Randaberg.Pressefoto

Blir redaktør i Bygdebladet

Jan Henrik Heggebø (27) frå Ølen er tilsett som ansvarleg redaktør i Bygdebladet Randaberg & Rennesøy frå 1. januar. Han har då vore konstituert i stillinga i fire månadar.

— Jan Henrik har jobba som journalist i Bygdebladet sidan 2018, og han vil vidareføra det gode journalistiske arbeidet som er gjort det siste året og samstundes setja sitt preg på utviklinga vidare, seier styreleiar Ole Morten Ona Ringdal, i ei pressemelding.

Heggebø som er busett i Sola, er både stolt og audmjuk over å ha blitt fast tilsett i redaktørjobben. — I løpet av mine to år i Bygdebladet har eg saman med dyktige kollegaar fått gleda av å bidra til avisa si positive utvikling, og særleg digitalt det siste året, seier Jan Henrik Heggebø.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS