Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Filippo Ballarin start som økonomisjef i Etne kommune til våren.Foto: Frank Waal, Ryfylke
Filippo Ballarin start som økonomisjef i Etne kommune til våren.

Blir ny økonomisjef

Filippo Ballarin (31) blir ny økonomisjef i Etne kommune og overtar etter Vegard Bang som er tilsett i tilsvarande jobb i Vindafjord. Ballarin har italiensk opphav, men har sidan 2012 år vore busett i Sauda. Der har han jobba med økonomi i kommunen, dei fem siste åra som som økonomisk rådgjevar. 31-åringen er gift med ei saudajente og paret har to gutar på seks og to år. Han startar i den nye jobben ved inngangen til april.

Ballarin er ein aktiv mann på fritida. Han er leiar i Sauda Turnforening og har fleire år bak seg som fotballspelar på Sauda sitt A-lag. Også politikk har engsjert dei siste åra, noko som i haust resulterte i varaplass i kommunestyret for Høgre. Han fortel til Grannar at det blir pendling til Etne den første tida, men at planen er at familien flyttar nærare jobben til sommaren.

Powered by Labrador CMS