Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Comeback på den lokale arenaen. Etter lang tid i Stavanger har Kurt Inge Nybru, kjent som mangeårig rootssjef, vendt attende til heimelege strøk og blir eigedomsmeklar med kontor i Sauda.Pressefoto
Comeback på den lokale arenaen. Etter lang tid i Stavanger har Kurt Inge Nybru, kjent som mangeårig rootssjef, vendt attende til heimelege strøk og blir eigedomsmeklar med kontor i Sauda.Pressefoto

Blir eigedomsmeklar i heimkommunen

Publisert Sist oppdatert

Det nye kontoret blir ei avdeling av Aktiv Ryfylke på Jørpeland. I tillegg til kommunane Suldal og Sauda, vil Nybru jobba mot bustadmarknaden i sin tidlegare heimkommune Vindafjord. 34-åringen har tolv års erfaring som eigedomsmeklar i Stavanger.

Kurt Inge er oppvaksen i Vikedal og var i mange år sentral i rootsfestivalen. Etter femten år i Stavanger, der han var eigedomsmeklar dei fleste åra, flytta han med familien til Sauda. Nå gjer han comeback som meklar etter eit lite avbrekk som regnskapskonsulent i Tveit Regnskap avd. Ryfylke.

— Etter at eg kom til Sauda såg eg at det var eit behov for ein kortreist eigedomsmeklar i distriktet, og derfor opnar eg kontor her. Frå saudakontoret kan eg yta god service mot kundar i Sauda og nabokommunane, seier Nybru i ei pressemelding.

Powered by Labrador CMS