Bikka 30 gradar for første gong på nesten to år

Før første gong i år blei det fredag målt over 30 gradar i Etne. Med ein makstemperatur på 30,2 gradar var det nok mange som brukte høve til å komme seg ut som start på helga. Også i Vats, kor den andre målestasjonen i Grannar-distriktet står, var det årets varmaste dag med 28,6 gradar.

I Vats var det marginalt høgare temperatur med 28,7 gradar 25. juli i fjor. Sist gong det blei målt over 30 gradar i Etne er 17. august 2020, då det på det varmaste var 30,4 gradar. Dette melder Norsk Klimaservicesenter.

På laurdag spår YR ein makstemperatur på 24 gradar i Etne og 23 gradar i Vats. På søndag melder YR at det skal regne.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS