Båtpant hyppig brukt
Den nå to år gamle panteordninga for fritidsbåtar har vist seg å vere ein suksess på landsbasis, og det viser godt igjen på Toraneset, kan Ole A. Svendsen ved HIM stadfeste.
20.000 fritidsbåtar har til nå gått inn til opphogging sidan regjeringa hausten 2017 innførte ei ordning der folk kunne levere inn båtar til avfallsmottak og få ei utbetaling på 1.000 kroner tilbake. På Haugalandet er det høve til å levere båtar til mottak på Haugaland Interkommunale Miljøverk (HIM) sine stasjonar på Toraneset i Skjold og Årabrot i Haugesund, og dette er blitt hyppig brukt, ikkje minst nå i år, i tråd med ei eskalering etter kvart som ordninga har blitt betre kjent.
— I 2019 har me tatt inn om lag 170 båtar, og meir enn halvparten av dei er her på Toraneset, fortel Ole A. Svendsen, drift- og personalleiar hjå HIM.
Opp til 23 fot