Eit barn knytt til Bjoa barnehage er smitta av covid-19
Barn smitta på Bjoa
Laurdag opplyser Vindafjord kommune at barn og vaksne tilknytt Bjoa barnehage no er i karantene etter at eit barn i barnehagen blei stadfesta smitta av covid-19 fredag kveld.Dei involverte er kontakta for for å få gjennomført test på måndag, og i dette tilfellet er smittekjelda kjent.Vindafjord kommune ventar framleis på prøvesvar knytt til Sandeid skule og Vindafjordtunet, som vil vera klare i løpet av helga eller måndags morgon, melder kommunen via sine heimesider.Totalt er Vindafjord kommune no oppe i 49 smittetilfelle.