Etter at Stina Hetland Golf gjekk til jobben som Product Operations Manager i AutoStore trengs det ny leiar for kommunikasjon og service i Vindafjord kommune.
Arkivfoto: Privat
10 Kjappe
Bånn pedal» – på symaskina
Stina Hetland Golf er den nye leiaren på servicetorget i Vindafjord kommune, der møtet med folk, både tilsette og innbyggjarar, er noko av det ho set mest pris på i den nye jobben
42-åringen kan sjå tilbake på 20 års erfaring frå IT-bransjen, og synest ho har vore heldig som har fått vore ein del av det spennande utviklingsmiljøet i Hatteland, der ho har jobba sidan familien flytta frå Stavanger og heim til Vikedal i 2008. I den nye jobben har ho fått erfara at det interkommunale samarbeidet står strekt på Hauglandet, og det er svært givande. Ho håpar å kunna bidra til at innbyggjarane opplever god informasjon om Vindafjord kommune sine tenester, og at staben spelar ei sentral rolle i å støtta opp under einingane. På privaten er Stina engasjert i familien og fotballsporten, og får ho frie tøylar er det bånn pedal» på symaskina.
— Kva er di sterkaste side?
— Ifølgje ungane mine er eg i alle fall ikkje lat. Dei meiner eg er omsorgsfull og styrer veldig på.