Alle hundar skal vera utstyrt med band fram til 20.august. Illustrasjonsfoto
Alle hundar skal vera utstyrt med band fram til 20.august. Illustrasjonsfoto

Bandtvang på hundar

Lensmann Ingvar Gjærde ved Vindafjord og Etne lensmannskontor, minner om at alle hundar skal vera utstyrt med band når dei er ute. Det er bandtvang utan vilkår fram til 20.august.

— Me har fått meldingar frå deler av Vindafjord der folk blir plaga med lause hundar, og då er det på sin plass å minna folk om at hundane faktisk ikkje har lov til å gå lause, seier Gjærde.

Han oppmodar difor hundeeigarar til å skjerpa inn rutinane for bruk av band på hunden sin, og legg til at også etter 20.august skal ein passa på at hunden ikkje er til plage for andre, sjølv om bandtvangen blir letta på.

Powered by Labrador CMS