Rezk Alswidani brukar boret for å fullføre ein bolt som han har sveisa til i den nye sveisecontaineren til Øyane ASVO i Etne.Foto: Øystein Birkenes
Rezk Alswidani brukar boret for å fullføre ein bolt som han har sveisa til i den nye sveisecontaineren til Øyane ASVO i Etne.
Sveisinga på Øyane ASVO skjer på oppdrag for nabobedrifta MCE, rett over vegen nede på Tongane i Etne.
Sveisinga på Øyane ASVO skjer på oppdrag for nabobedrifta MCE, rett over vegen nede på Tongane i Etne.
Dagleg leiar Paul Fuglestein kunne fortelje om mykje som skjer på Øyane ASVO for tida, i tillegg til kjerneverksemda bedrifta har i vaskeriet sitt.
Dagleg leiar Paul Fuglestein kunne fortelje om mykje som skjer på Øyane ASVO for tida, i tillegg til kjerneverksemda bedrifta har i vaskeriet sitt.

Både vask og sveis

Øyane ASVO i Etne utvidar verksemda si inn på det mekaniske feltet med ny sveisecontainer, og meir slikt skal det bli framover.

Publisert Sist oppdatert

Under omvising på bedrifta, som held til nede på Tongane industriområde ved Etnesjøen, treff Grannar på syriske Rezk Alswidani i full gang med sveiseutstyret. Posten for sveis og anna arbeid med jern og stål, til dømes boring, blei innvia for berre eit par veker sidan. Her blir det produsert boltar i samarbeid med nabobedrifta MCE rett over vegen, som dei bruker i verksemda si. Alswidani er éin av seks personar som for tida er inne i det arbeidsførebuande treningsprogrammet (AFT) til Øyane ASVO, og blant tre til fire personar som har tatt til å jobbe med sveis.

— Eg likar både mekanisk arbeid og det å jobbe med hendene, så dette er veldig bra, seier Alswidani, som kom som flyktning til Etne for oppunder tre og eit halvt år sidan.

Og så er det eit pluss med ein veldig bra sjef, påpeiker han, og viser til dagleg leiar Paul Fuglestein, som held omvisinga ved bedrifta eigd av kommunane Vindafjord og Etne.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS