Kjellaug Selsaas har hatt hund som hobby i mange år og konkurrert i lydigheit sidan 1985. Ho har tatt laggull under internasjonale meisterskap, i tillegg til både gull og sølv i europameisterskap og verdsmeisterskap. I år har ho på nytt kvalifisert seg til VM og denne gong er det den ffem år gamle border collien Ludvig som skal i elden saman med matmor. Han er fjerde generasjon og oldebarn til hunden Loppa som tok gull under VM i Polen i 2006. Sju år seinare var det barnebarnet til Loppa, hunden Flis som sikra gullmedaljen under VM i Budapest saman med Selsaas.
— Ludvig var også med i VM i Moskva i fjor, men då nådde han ikkje heilt opp. Han er fersk, men eg trur han blir betre enn i fjor. Ludvig er litt ulik dei andre som har vore med på landslaget. Hundar som er med i lydigheit må ha god arbeidsmoral. Der må eg jobba med Ludvig. Han vil helst gjera ting på eigenhand og blir lett distrahert, fortel Selsaas som trenar litt ekstra nå når det nærmar seg VM i Belgia om ein månads tid.
Fire etterkomarar