Då innfører regjeringa ein ny maksimalsats for eigedomsskatt. I år har kommunane lov til å krevje inn maksimalt 5 promille i eigedomsskatt. I 2021 er maksimalsatsen sett til 4 promille.
Pensjonskonto
Ei ny ordning med eigen pensjonskonto blir innført neste år. Den betyr mellom anna at det er mogleg å samle pensjonsopptening frå tidlegare arbeidsforhold og forvalte han saman med pensjonskapital frå noverande arbeidsgivar.
Ungdom som sparer i BSU opplever ei innstramming då dei som eig bustad, mistar skattefrådraget for pengar som frå no av blir sett inn i ordninga. Maksbeløpet for sparing blir auka frå 25.000 kroner til 27.500 kroner.
Frå 1. januar kan du få dyrare gåver frå arbeidsgivaren din. Arbeidsgivaren kan gi gåva berre til deg då kravet om at gåva må vere del av ei generell ordning i bedrifta, blir fjerna. Grensa blir auka frå 2.000 til 5.000 kroner.
Laderett og årsavgift
Elbileigarar som bur i burettslag, får no ein lovfesta laderett. For eiga rekning kan dei setje opp ladepunkt i burettslaget. Ladeboksen og straumforbruk blir dekt av deleigaren. Burettslaget skal stå for utgifter til oppgradering av straumnett og infrastruktur. Det er 8.700 burettslag i landet.
Elbileigarar må òg tole ei årsavgift på same nivå som motorsykkel frå nyttår.
Moms på behandling
Alternativ behandling blir ikkje lengre momsfri. Avgifta blir innført generelt frå nyttår, men for osteopati og naprapati blir den innført frå 1. juli og for akupunktur frå 1. oktober. Det blir òg innført meirverdiavgift på kosmetisk behandling og kosmetisk kirurgi som ikkje er medisinsk grunngitt.
Frå nyttår blir det mogleg å kjøpe homøopatiske reseptfrie legemiddel utanom apotek.
Eigenandelstaka for helsetenester blir no endra og slått saman. Det nye eigenandelstaket blir på 2.460 kroner.
Avgiftslettar
Med Framstegspartiets merke blir det innført ei rekkje avgiftslettar på populære grensehandelsvarer:
• Avgiftene på øl og vin blir sette ned 10 prosent.
• Alkoholfrie drikkevarer blir avgiftsreduserte med 50 prosent.
• Avgifta på snus blir redusert med 25 prosent.
• Avgifta på sjokolade og sukkervarer forsvinn.
Flypassasjeravgifta blir inntil vidare fjerna som ein del av koronatiltaka.
Arbeidstakarar som frivillig har sagt opp jobben sin, eller som har vorte sagde opp, må no vente lengre på å få dagpengar. Ventetida blir auka frå 12 til 18 veker.
Ny arvelov
Det blir viktigare enn nokon gong for sambuarar å skrive testamente etter omfattande endringar i arvelova frå nyttår.
Sambuarar utan barn har ingen arverett, medan sambuarar med felles barn har ein arverett opp til 4 G. Livsarvingane får ein større del av totalpotten enn i dag. Den nedre grensa blir auka frå 1 million til 15 G som svarer til rundt 1,5 millionar kroner.
Folketrygdlova blir òg endra slik at minstepensjonistar ikkje lenger får høgare pensjon dersom dei forsørgjer ektefelle eller barn.
Strammare turistfiske
Det blir litt strammare reglar for utanlandske turistfiskarar i Noreg. For å ta med fangst ut av landet, må fisken vere teken i regi av ei registrert turistfiskeverksemd.
Til no har det vore mogleg å ta med 10 kilo fisk som ikkje er fiska hos registrerte turistfiskebedrifter. Kvoten som kan takast ut av landet, blir senka frå 20 til 18 kilo. Utlendingar får òg berre lov til å ta med seg fisk ut av landet to gonger i året.
Norske oppdrettarar må betale ei produksjonsavgift på 40 øre per kilo omsett fisk. Avgifta skal komme kystkommunar til gode, og det er venta at ordninga vil ta inn ein halv milliard i året.
(NPK)