Åtvarar mot brannfare etter tørke
Etne brann og redning ber innbyggarane i Etne og Skånevik om å vere ekstra varsame etter ein lengre periode med tørke. I ei melding på Etne kommune si nettside, skriv dei at sjølv om det kan kjennast uvant å tenke på brannfare no, er naturen svært tørr.
Brannvesenet peikar på at ein brann kan oppstå raskt og spreie seg fort når det er tørt, både i terrenget og mellom trehus.
— Me oppmodar sterkt om å ikkje gjere opp bål, bruke open eld eller gjere andre handlingar som kan føre til gnistar eller brann, heiter det i ei meldinga frå Etne brann og redning.