Atle Berge ute av Ølen Betong
Namna Ølen Betong og Atle Berge har i fleire tiår vore eitt». Heilt frå Ølen Betong blei stifta i 1974, som ein samanslutning av to mindre betong bedrifter i Ølen, har han hatt styringa i selskapet. Eigarstrukturen i Ølen Betong-selskapa har endra seg opp gjennom åra, og han sikra seg full kontroll over selskapet på 1990-talet. Det er han som opp gjennom åra har tatt dei fleste endelege avgjerslene gjennom oppbygginga til å bli eit av dei større industrikonserna på Haugalandet. Men no er han heilt ute av det norske selskapet.
Spion-mistenkt
At Atle Berge no har gått ut av Ølen Betong i Norge, har direkte samanheng med krigen i Ukraina. Me må tilbake til 2008, då Ølen Betong etablerte eit dotterselskap i Murmansk, der dei bygde opp ein ny betong- og betongelement fabrikk. Ifølgje Atle Berge gjorde Ølen Betong det som den gongen var i tråd med god norsk politikk, gjennom ønskje om forbrødring på Nordkalotten.