Modolf Haraldseid (H) under kommunestyremøtet der Vindafjord-budsjettet for 2025 blei vedtatt. ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Modolf Haraldseid (H) under kommunestyremøtet der Vindafjord-budsjettet for 2025 blei vedtatt.

Politikarpraten

— Alle som tar på seg slike oppgåver, fortener eit klapp på skuldra

Grannar har bede politiske gruppeleiarane i kommunestyrene i Etne og Vindafjord både om sjå tilbake på 2024, og inn i glaskula for 2025. I dag er det Modolf Haraldseid i Vindafjord Høgre i sin tur.

Publisert Sist oppdatert
— Kva lokalpolitiske sak blir den viktigaste for deg i 2025?

— Det må vera å sikre at dei svakaste gruppene som treng hjelp, faktisk får det. For å klara dette må me tilpassa oss det faktum at me vert fleire eldre og færre yngre, og at det ikkje er nok søkjarar til ledige stillingar i kommunen. Ei stor oppgåve i dette arbeidet er å få innbyggjarane til å erkjenna denne situasjonen, slik at fleire ser kva politikarane må gjera, samstundes som dei rettar blikket mot seg sjølve og tar grep for å tilpassa seg framtida – til dømes når det gjeld eigen bustad. Eit viktig premiss for å lukkast er at me legg til rette for nye innbyggjarar og bedrifter som vil satsa. Inntekter kjem ikkje av seg sjølve.

— Kva var den viktigaste saka for deg i 2024?
— Det må vera å få på plass eit budsjett for 2024 som støttar opp under utfordringane nemnde i førre spørsmål.

— Kven av dine politiske motstandarar likar du best å debattere med, og kvifor?
— Det må vera gruppeleiar i Senterpartiet, Jan Idar Haugen. Sjølv om me er på to ulike lag i politikken, forstår me kvarandre godt og finn ofte gode løysingar i lag.

Kven av kommunestyrerepresentantane har du lyst til å framsnakka/framheva?

— Eg meiner at alle som tar på seg slike oppgåver, fortener eit klapp på skuldra. Verva krev mykje tid og blir ofte møtt med kritikk og lite takksemd. I det siste har det toppa seg med bruk av hersketeknikkar og press på enkelte. Dette er ikkje bra og svekkjer demokratiske prosessar. Skulle eg likevel trekkja fram eit namn, måtte det vera Anna Steinsland. Ho har eit krevjande oppdrag, jobbar hardt og kommuniserer godt.

Kven vinn stortingsvalet til hausten, og kvifor?

— Det blir ganske sikkert borgarleg siger. Med ein ny president i USA frå 2025, trur eg noko av det som skjer der kan forsterka stemninga i retning av at Frp blir det største partiet, og at Sylvi Listhaug krev posten som statsminister. Har Høgre og Frp reint fleirtal, trur eg det vert resultatet. I så fall trekkjer Erna seg ut av regjeringa og blir stortingspresident.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS