I fjor starta ALLEMED i Vindafjord. Her med Berit Hetland, koordinator Barbro Ringstad og einingsleiar Anne Kesia Eide Fatland i eining for kultur og opplæring. No blir politikarane inviterte til å skrive under på den nasjonale Fritidserklæringa som skal forplikte i arbeidet med å sikre alle barn og unge minst éin jamleg organisert fritidsaktivitet.
Arkivfoto: Jon Edvardsen
Alle skal kunne delta
— Allemed er eit verktøy for kommunar og lag og organisasjonar for at det skal bli lettare å inkludere alle barn og unge slik at færrast mogleg står utanfor det sosiale fellesskapet som fritidsaktivitetar er. Det er eit verktøy for handling for å få det til, forklarer Barbro Ringstad, nytilsett koordinator i halv stilling i Vindafjord kommune.
Kommunen har fått 180.000 kroner i støtte av Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet til å finansiere arbeidet. Prosjekt av denne typen får støtte i eitt år i gongen, i inntil tre år.
Det handlar å kople barn og unge til fritidsaktivitetar og hjelpe flest mogleg inn i ein aktivitet dersom dei står utanfor, eller det er praktiske hinder for det.