All beredskap under felles tak
Sist veke kunne det nye beredskapssenteret i Ølen erklærast ferdig og dei siste flyttekartongane berast over dørterskelen i det nye praktbygget som rommar både brann, ambulanse, legekontor og legevakt, i tillegg til ein garasje tilknytt sivilforsvaret.
Først på plass var ambulansetenesta til Helse Fonna som i slutten av mai kunne flytta personell og utstyr over i eit 500 kvadratmeter stort lokale fordelt på to etasjar. I midten av september opna legekontoret for Ølen, Etne og Vindafjord legevakt dørene til sitt nye lokale, før Ølen brannstasjon fekk dei siste bilane på plass denne veka.
Alle etatane har hatt eit ord med i laget når det nye bygget låg på teiknebordet, og resultatet skal bli eit velfungerande beredskapssenter på 1.750 kvadratmeter, der både besøkjande og tilsette blir godt ivaretatt.