Aldri Burnley på 400 kampar
Jakob Kårhus har snart vore på alle fotballbanane til dei 92 laga i dei fire øvste divisjonane i England, men éin bane unngår han lengst mogleg.
Kårhus seier at han ikkje er spesielt anglofil, men er glad i geografi, språk, fotball og reising. Det heile byrja då han var på fotballkamp i England i 1995. Han hadde ganske tilfeldig fått Blackburn som favorittlag fleire år tidlegare. Det er ei sterk rivalisering i Lancashire mellom Blackburn og den litt mindre nabobyen Burnley.
Den 49 år gamle vernepleiaren frå Nedre Vats har ein jobb som gjer at han har mykje fritid. Han er spesialvernepleiar på ein institusjon der han bur i to periodar kvar månad. Dermed har han langfri to gonger i månaden, og av slikt blir det mange turar over Nordsjøen.
Stemninga