Aktivitetspark klar til bruk
Alle elevane og tilsette på ungdomsskulen var inviterte på opninga, saman med administrasjonen på kommunen og arkitektane frå Local, som har vore med å utarbeida parken. Den har allereie vore i bruk heile sommaren, og for berre få dagar sidan blei basketballbana markert.
Nå er alt ferdig og ordførar Mette Heidi Ekrheim Bergsvåg kunne opna aktivitetsparken ved å klippa snora.
— Dette er eit fantastisk flott og nyttig område som kjem til å vera til glede for mange i mange år, eg håpar at alle vil vera med å ta vare på det, sa ordføraren.