Aksjonerer for prestekontor
Ein underskriftskampanje for å behalde prestekontoret i Vikedal er i gang.
Flytting av prestekontoret i Vikedal til kommunesenteret Ølen, engasjerer i den indre delen av kommunen. Ein underskriftsaksjon til støtte for at kontoret framleis skal vere i Vikedal, og fortrinnsvis i det tidlegare rådhuset der det er i dag, er i gang.
Godtar ikkje
— Vi blir vel uglesette i kommuneadministrasjonen, men eg håpar vi har støtte hos mange andre. Ein underskriftsaksjon vil vise om folk støttar at prestekontoret skal vere i Vikedal slik det har vore, seier Herdis Pedersen.
Ho er leiar for soknerådet i Vikedal og saman med leiaren i soknerådet i Imsland, Jolaug Sæle Kaldheim, og leiaren i Sandeid sokneråd, Rakel Årak, oppfordrar ho på listene om at folk skriv seg på for å behalde kontoret i prestegjeldet i Vikedal som før, og helst i det tidlegare kommunehuset som i dag. Flytting til Ølen slik kyrkjeverja innstiller på overfor kyrkjeleg fellesråd i Vindafjord, kan ikkje godtakast.
I Vikedal er det i løpet av ein dag kome mange under skrifter på listene som er lagt ut i bygda. Engasjementet er større enn dei venta.
Møter engasjement
— Saka engasjerer, spesielt dei litt eldre. Vi har blitt kontakta av fleire som meinte vi burde setje i gang ein underskriftaksjon, fortel Theodor Imsland.
Han er med i soknerådet i Imsland og fortel at folk spurte etter listene på Coop i Kvaløy alt før dei var lagt ut.
— Vi ønskjer å få fram at flytting til Ølen er i strid med det eg trur svært mange meiner er rett. Det vil vi ha fram overfor politikarane og få dei til å gi ei tilleggsløyving til husleige for prestekontor i Vikedal. Det er ikkje rett at det skal gå av fellesrådet sine midlar sidan det er kommunen som skal halde kontorlokale, seier han.
Peika på Ølen
Pedersen seier ho får reaksjonar frå folk som synest det heile er ein rar framgangsmåte, spesielt overfor presten, når både dei tre sokneråda og bispedømmerådet meiner lokala kommunen tilbyr i den nedlagde barnehagen ikkje er eigna nok.
— Vi vil i alle fall ha gjort vårt for å hindre at kontoret blir sentralisert til Ølen. Så får andre bestemme resten, seier ho.
Etter at Kyrkjedepartementet sa at det ikkje kunne godkjenne det nye kontoret i barnehagen, innstilte kyrkjeverja på at fellesrådet skulle be om ei tilleggsløyving frå kommunen på 50.000 kroner til husleige i Vikedal. Men etter at fellesrådleiar Terje Kleiven hadde møte med rådmann Kristian Birkeland og eit skriftleg svar frå kommunen utelukka ekstra pengar, og heller peika på Ølen som alternativ, endra kyrkjeverja innstillinga si og tilrådde flytting til rådhuset i Ølen.
Skjold med
Pedersen og Imsland seier dei må bøye seg for eit fleirtal dersom kyrkja vil endre på kontorstrukturen, men dei meiner det er uheldig om endringar skjer fordi kommunen ikkje vil betale husleige i Vikedal.
— Skal ein sentralisere, må ein vurdere alle kontora, ikkje berre Vikedal, meiner Pedersen.
— Eg registrerer at leiaren av fellesrådet ønskjer å samle alle tre kontora i Ølen. Men eg er langt frå sikker på om han har folk i Skjold med seg på det. Eg trur ikkje dei vil like å miste prestekontoret sitt, og vil nok reagere like sterkt som vi gjer, seier Imsland.
Men eg er langt frå sikker på om han har folk i Skjold med seg på det.
Trekkjer på skuldrene
Listene er lagt ut fleire stader i bygdene. I Vikedal ligg dei hos Coop, Joker, banken og ved inngangen til legekontoret, og i Sandeid blir dei plasserte ut hos Coop, banken og blomsterbutikken, medan dei i Imsland er lagt ut hos Coop i Kvaløy og banken i Ølmedal.
Underskriftlistene blir tatt inn før fellesrådet skal ha møte 16. oktober, og dei blir overleverte både til ordføraren og fellesrådet.
Så langt har politikarane trekt på skuldrene av ønsket om andre lokale enn den tidlegare barnehagen i Vikedal eller plass på rådhuset i Ølen.
Steinar Skartland (KrF) tok opp spørsmålet i kommunestyret sist veke der ordførar Ole Johan Vierdal gjentok at kommunen har gjort sitt. Ingen andre tok ordet etter det.