Stor Mote i Aksdal Senter skal avviklast i løpet av vinteren. Det synest butikksjef Laila Hetland er trist.
Foto: Alf-Einar Kvalavåg/Tysvær Bygdeblad
Tysvær
Aksdal senter: Stor Mote er snart historie
(TYSVÆR BYGDEBLAD) For det er ikkje berre kundane som med sorg ser fram til at butikken stenger dørene i løpet av vinteren. Også eigaren, Laila Hetland, gruar seg.
—Vondt å tenkje på
— Akkurat no er det vondt å tenkje på at arbeidsplassen min sidan eg var 16 år skal leggast ned. Men tidene endrar seg også i vår bransje, og etter pandemien har det eigentleg aldri tatt seg opp til gamle høgder. Fleire og fleire finn andre stader å handle. Vi er ein butikk mange har blitt glade i, der dei har fått hjelp med storleikar dei ikkje finn andre stader. I tillegg har dei fått med ei solid dose kjærleik på vegen. Det er ikkje rart at eg kjenner på det, seier Hetland.