Agnes Ravatn på lånetoppen i biblioteka
I Etne klinka Agnes Ravatn til og kapra førsteplassen på mest utlånte bøker til vaksne, med . Boka er om Nina Wisløff som opplever at leigebuaren hennar forsvinn sporlaust, og at etterforskinga frå politiet ganske snart stansar opp. Wisløff startar dermed i det stille å nøsta opp i kva som kan ha skjedd med leigebuaren, og det ho finn får store ringverknader.
Dei sju døreneI Vindafjord hamna Dei sju dørene på andreplass, under Lucinda Riley sin roman; Solsøsteren. Denne boka kom på andreplass i Etne.
— Det har vore eit spesielt år, og det som kanskje overraska meg mest er at me faktisk har hatt oppgang i utlånstala. Spesielt sidan besøket har gått kraftig ned, seier biblioteksjef Gjertrud Fludal i Etne.