Etter fleire års konflikt med plateselskapet sitt lovar Åge Aleksandersen å aukeaktiviteten rundt plateutgivingar» etter forlik i fjor. Først ut er to nye låtar med Sambandet.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB / NTB
Åge Aleksandersen (75) gir ut to nye låtar
På 75-årsdagen sin 21. mars gir Åge Aleksandersen ut ein ny låt med Sambandet og Joddski.
Det er songen Ugress og villskudd» som blir sleppt på Åges 75-årsdag 21. mars. Den blir beskriven som ei lita gåve til fansen og Åge sjølv», ifølgje pressemeldinga.
Også låten Ugress», som Åge har spelt på konsertar, skal givast ut på Warner Music Norge, som Åge Aleksandersen har valt å halde fram samarbeidet med.
– Dei kjenner meg og musikken min godt, og eg ser fram til at vi no saman kan auke aktiviteten rundt utgivingane mine igjen, seier Aleksandersen, som overtok rettane til dei fleste av innspelingane sine frå 1981–2001 for rundt eit år sidan.
Det var i april 2023 at Aleksandersen og Terje Tysland inngjekk forlik med Warner etter sju års konflikt, og dermed unngjekk rettssak, skreiv VG då.