Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Inga-Cecilie Sørheim. Foto: Privat
Inga-Cecilie Sørheim.

På tampen

Å møte veggen

Publisert Sist oppdatert

Du flakkar med blikket og sit deg tungt ned i stolen. Du har bestilt time hos fastlegen fordi du kjenner seg trengt opp i eit hjørne. Det går ikkje lenger. Det er litt mykje akkurat nå, seier du kanskje. Ikkje litt. Altfor mykje, tenker eg. Eg rekker deg boksen med Kleenex. Alle har si unike historie. Men du er ikkje aleine.

Å møte veggen. Gå på ein smell. Flatt batteri. Utbrentheit. Også mindre kjære barn kan ha mange namn. Utan å ha tal på det, vil eg tru at dei fleste av oss opplever noko slikt ein eller fleire gonger i løpet av livet; i større eller mindre grad. Mange endar då hos fastlegen, gjerne for å få ei sjukemelding. Nokon innser sjølve at dei har møtt den berømte veggen, andre fryktar at dei kan vere alvorleg sjuke.

Å møte veggen er eigentleg eit misvisande uttrykk. For dette skjer ikkje brått som i ein kollisjon; dette skjer heller i sakte kino og over lang tid. Utbrentheit handlar gjerne om langvarig negativt stress og påkjenningar over tid. Ofte handlar det om jobben, og særleg er det vist at eit dårleg arbeidsmiljø aukar risikoen. Ein annan risikofaktor er skeivfordeling mellom tilgjengelege ressursar på ein arbeidsplass og oppgåvene som skal utførast. Alle kan klare stor arbeidsbelastning og negativt stress i ein periode, men etterkvart tærer det på for oss alle. Kanskje har ein også andre belastningar i livet som påverkar helsa. Kanskje har du småbarn og får altfor lite søvn, kanskje er du tenåringsforelder midt i ei mobbesak, kanskje slit du i eit dårleg forhold, kanskje er foreldra dine blitt sjuke og pleietrengande. Summen av alt kan bli for mykje.

Powered by Labrador CMS