Steinar Aalvik
Steinar Aalvik

På tampen

Å koma seg litt ut

Det er vel i ferd med å verta litt annleis, men i mi tid måtte det liggja noko fagleg i botn, om bønder skulle koma seg litt ut. I mitt andre studieår på Tveit Jordbruksskule var me berre seks elevar i klassen. Me hadde ein lærar der, ein bømling som hadde si utdanning frå Statens Småbrukslærarskole på Sem i Asker. Fleire gonger kom det fram at han såg føre seg at all denne kunnskapen som vart oss til del, skulle setja oss i stand til å rettleia det han kalla praktiserande bønder». For retteleg å førebu oss til vårt kall, tok han oss med på ein fagdag til Stavanger. Det var i kulturhuset Sølvberget at firmaet Plantevern-Kjemi hadde kalla inn til eit informasjonsmøte om det siste innan kjemisk plantevern. Attåt oss sju frå Tveit, var det så det aula av heradsagronomar, rådgjevarar og rettleiarar.

Den største stjerna på podiet var professor og lærebokforfattar Gudmund Ballvoll. No hadde han stilt kompetansen sin til rådvelde for firmaet PK, og stod klar til å svara på alle spørsmål kring det som produktkatalogen hadde å by på. Eg stussa litt på at eit middel vart tilrådd brukt mot ugras i frukthagar. Eg meinte at NRK hadde synt ein film der Wenche Myhre dansa bunadskledd og syngjande i ei villblomeeng under frukttrea i eit brot i Hardanger. Villblomar, populært kalla ugras, i ein frukthage måtte no vera til fryd for både auga og pollinerande insekt, trudde eg. Det kunne sjølvsagt vera slik at villblomane tevla med blømande frukttre om biene sin gunst, men kva visste vel eg om det? Slikt var det eg sat å tenkte på denne store fagdagen i utdanningsfasen min. Men dette var tre år før Endre Tjelmeland sin femtiårsdag, og såleis lenge før eg kom til å seia noko i det offentlege rommet, så det vart ikkje noka spørjing eller kommentarar frå mi side.

Den turen som har festa seg sterkast i minne er ein tur som eg ikkje var med på

Den turen som har festa seg sterkast i minne er ein tur som eg ikkje var med på

Seinare har eg vore med på nokre turar i regi av det som heitte Etne, Ølen og Vindafjord Forsøksring. Den turen som har festa seg sterkast i minne er ein tur som eg ikkje var med på, men som eg berre kjenner av omtale. Det var ein rundtur i Kvinnherad. Der var det mykje fint å sjå, som ventande kunne vera. Middagen vart innteken ved eit finare etablissement i Rosendal. Der vart det servert ein diger tallerk med ein liten klatt oppå. Det var veldig fint å sjå til, men for praktiserande bønder var dette som å kasta ein vaffel til ein hund. Så sat dei der og virra med hovudet, og lurte på kva tid maten kom. Men maten var både komen og faren den. Ja, det var vel ein dessert og i same sjangeren og ein kaffikopp med sukkerbite og fløytebeger til. Slikt forslår ikkje for praktiserande bønder, i sin beste alder.

På heimturen var dei innom Valen Sjukehus, for å sjå på hagebruket der. Dei hadde ein fin gulrotåker å visa fram. Så var det ein bonde då, som drog opp ei rot, tørka henne i graset og gav seg til å gnaga på den. Brått rauk dei i åkeren, den eine etter den andre, drog opp på røter, tørka i graset, knaska og åt. Det er ikkje noko å seia på det. Dei var svoltne, stakkarane. Det seiest at seinare når Forsøksringen planla turar, og skulle forhandla om servering, var dei tydelege på at det var bønder som kom. Det skulle vera tradisjonell mat og store porsjonar.

Steinar Aalvik

Powered by Labrador CMS