Koronaviruset spreier seg til stadig nye delar av landet. Illustrasjon: Folkehelseinsituttet

906 nye koronasmitta personar registrert siste døgn

NPK-NTB: Det siste døgnet er det registrert 906 koronasmitta i Noreg. Det er 376 fleire enn same dag førre veke og det høgaste talet sidan onsdag 24. mars, då det vart registrert 1.001 nye smittetilfelle.

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 674 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 525, så trenden er stigande.

I alt har no 149.732 personar testa positivt for covid-19 i Noreg sidan pandemien braut ut i fjor.

Måndag var 53 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var 16 fleire enn dagen før.

Til saman er 811 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, ifølgje førebelse tal.

Oslo

I Oslo er det registrert 267 nye koronasmitta det siste døgnet. Det er 133 fleire enn same dag førre veke.

Dei siste to vekene har det i snitt vorte registrert 117 smitta per dag i hovudstaden. 65 prosent av dei til saman 1.814 smitta personane dei to siste vekene er under 30 år, medan berre 6,6 prosent har passert 50 år.

Smittetala er høgast i Alna bydel som har eit smittetrykk på 452 smitta per 100.000 innbyggjarar dei siste to vekene. Det siste døgnet er det registrert 29 nye smitta i bydelen.

Deretter følgjer Stovner med 429 og Søndre Nordstrand med 399. Smittetrykket er lågast i bydelane Ullern og Nordstrand, der tala er høvesvis 153 og 160.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS