Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun møter pressen etter stortingets spørretime onsdag.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB / NPK
7.900 lærarar i barnehage og skule får vidareutdanning
Det viser nye tal frå Utdanningsdirektoratet, etter at søknadene om vidareutdanning er behandla.
– Vi må sørgje for at lærarar får høve til å utvikle seg fagleg. Det vil både kvar enkelt lærar og ikkje minst barn og unge nyte godt av, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) i ei pressemelding.
I 2024 har regjeringa sett av 393 millionar kroner til kompetansetiltak for lærarar og andre tilsette i barnehagane og 1,6 milliardar kroner til vidareutdanning for lærarar og leiarar i skulen.