Den skumle og gretne vinterdronninga er ikkje så enkel å ha med å gjera. Sur og tverr er ho, og hjelparane hennar veit ikkje heilt korleis dei skal få ho til å dra på smilebandet. Litt redde er dei også, for når ho blir sint må ein nesten stikka fingrane inn i øyro, mens ansiktet vrir seg i skrekk.
Men det er sjølvsagt berre på leik. For det heile er skodespel og no er det ikkje lenge igjen til det brakar laus med premiere, søndag 11. desember i Skjold Arena.
— Eg trur det blir ei kjekk førestilling og eg synest det er ganske kjekt å spela fru Vinter. Ho er sint heile tida og det går fint å spela den rolla, seier Linnea Tjelmeland Hustoft og får bekreftande nikk frå gjengen rundt seg.