Nokon ser ut til å ville varme seg på stolen ved frå Sandeid i tida som kjem.
ILLUSTRASJONSFOTO: PixabayJacques Uhlemann
500 liter ved borte vekk
Det er 500 liter ved, som sto til tørk på ein palle hos ein privatperson like ved Sandeid sentrum, som har forsvunne.
— Det kan kanskje ha samanheng med dei høge straumsprisene vi ser om dagen, veden er vel blitt meir verdifull den òg, seier politioverbetjent Inge Hebnes Hårajuvet ved Etne og Vindafjord politistasjon.
Den fornærma melde frå til politiet onsdag.