100 vatsbuar samla på romjulsmarsj
Sjølv om det var glatt og isete på parkeringsplassen ved Vats skule, stoppa ikkje det nærmare hundre vatsbuar frå å samlast og gå tur saman. Etter fire år har romjulsmarsjen, arrangert av bygdekvinnelaget, blitt ein tradisjon i bygda.
Ådne Luteberget Nesheim (3) er like gamal som marsjen sjølv, og mora hans Ingvild fortel at han berre var tre månadar då han var med på den første romjulsmarsjen. Han har vore med alle åra etter det.
Han leikar seg rundt på isen på parkeringsplassen, og ser på racerbilen som broren Magnus (5) fekk til jul. Dei er begge svært glade i å gå på tur, og gler seg spesielt til å snakke med den eine nissen på vegen, som alltid plar å bade i badekaret på veg opp mot hytta.